Lenke til artikkelinnhald - AktueltLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Nettkalender
ØIL Fotballskule v/R..
Periode 23.06.2017 - 24.06.2017.
ØIL Fotballskule v/R..
Periode 23.06.2017 - 24.06.2017.
Utleige Øystese fotb..
Periode 23.06.2017 - 24.06.2017.
Øystese fotballskule..
Periode 23.06.2017 - 24.06.2017.
Laurdag 24.06.2017:
Utstilling 11:00 Sommarutstillinga OSS 4..

Aud Bækkelund viser nye installasjonar og tekstilcollage. Kwestan Jamal Bawan still ut fargerike maleri og store teikningar. Silje Ensby viser eit reisebrev i tekst-teikning og video. Solfrid Aksnes h
Festival 12:00 Kinck-dagane 2017..

Utleige KJØKENUTLEIGE: A-lagskamp v/ØIL..
KJØKENUTLEIGE: A-lagskamp ØIL v/Roger Vassnes Epost:roger.x.vassnes@gsk.com.
Utstilling 13:30 Gustav Metzger: the Table Series..

Gustav Metzger (1926-2017) var ein pioner innan aktivistisk kunst. Utstillinga i Kabuso syner eit stort utval måleri og teikningar frå 1950-talet - the table series. Dette er fyrste gong eit større ut
Sundag 25.06.2017:
Bestilling 13:00 Tre banar..
Tre banar i ein time. Tlf. 94500215. Lagt inn av: Frank Tangen.
Utstilling 13:30 Gustav Metzger: the Table Series..
Gustav Metzger (1926-2017) var ein pioner innan aktivistisk kunst. Utstillinga i Kabuso syner eit stort utval måleri og teikningar frå 1950-talet - the table series. Dette er fyrste gong eit større ut
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 18:00 Kaptein Supertruse: Den Første Episke Filmen..

De to rampete barna Thomas og Harald hypnotiserer den slemme rektoren på skolen og forvandler han til deres egen tegneseriehelt - den godhjertede og elastiske Kaptein Supertruse! Filmen er
Uteliv 18:00 Sarpsborg - BRANN..
KL 18 Seriekamp.
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 20:00 Transformers: The Last Knight..

Skal en verden leve, må den andre dø. Hvem vil overleve av mennesker og Transformers. Transformes har kjempet en bitter kamp mot sine fiender, Decepticons, i en årrekke på Jorda. Men Transforme
Måndag 26.06.2017:
Utleige Ferieklubben..
Kulturkontoret.
Utleige Kvam klatreklubb - kurs..
Kurs - Kvam klatreklubb v/Olav Mikal Fykse, epost: kvamklatreklubb@yahoo.no.
Du er her: Startside / aktuelt /

Godkjend reguleringsplan for gnr. 19, bnr. 111 Kleiva på Kvamskogen

23. juni 2017 kl. 15:00 - Trond Inge Brakestad

Reguleringsplan for gnr. 19, bnr. 111 Kleiva på Kvamskogen vart vedteken av Kvam heradstyre 13.06.2017, HST-sak 029/17



Planområde

Vil du verta vår nye fagansvarlege for vedlikehald av bygg?

22. juni 2017 kl. 15:35 - Anne Vestrheim
Avdelinga innan FDV bygg i Kvam herad er delt i forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald, tekniske anlegg og utvikling. Bygg og eigedomsdrift er knytt til Teknisk eining, med totalt ca.50 tilsette. Denne stillinga har ansvar for planlegging og gjennomføring av vedlikehald på ca. 65.000m2 BRA med bygningsmasse, samt enkel prosjektering og byggeleiing. Då vår dyktige vedlikehaldsleiar snart pensjonerer seg, søkjer me no etter ein erstattar.

Leiar ved Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling

22. juni 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande leiarstilling ledig.

Sjukepleiar i 80 % stilling

22. juni 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Vil du bli med på laget? Me søkjer etter ny sjukepleiarkollega.

Vernepleiar i 100 % vikariat

22. juni 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
I Kalhagen bufellesskap søkjer me etter vernepleiar til ledig vikariat.

Sjukepleiar i 50 % stilling

22. juni 2017 kl. 15:04 - Anne Vestrheim
Me søkjer ny sjukepleiarkollega til ledig stilling ved avdeling "Firkløveren" i sone Norheimsund.

Boccialaget til Øystese IL vant gull i serien

19. juni 2017 kl. 10:59 - Frank Tangen
Hordaland idrettskrets arrangerer kvart år bocciaserie i Hordaland for mennesker med utviklingshemming. Serien starta i november 2016 med samling i Austrheimhallen, så var det ny samling 18. februar i Askøyhallen før serien vart avslutta med kampar i Øystesehallen 17. juni. Vertskapet for siste samlinga var ikkje verre på det enn at dei toppa heile turerninga. Me gratulerer Øystese idrettslag med gull i bocciaserien 2016/2017.

Ferieaktivitetar for born og unge (11-18 år)

19. juni 2017 kl. 10:21 - Frank Tangen
Ferieaktivitetar for born og unge (11-18 år) I vedlagt dokument finn du aktivitetsplanen for "Ung fritid i Kvam" frå 26. juni til 11. august. For å delta i aktivitetane må påmelding sendast til epostadressa ungfritid@kvam.kommune.no seinast 3 dagar før aktiviteten startar.

Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

19. juni 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss til hausten, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling, med tilsetjing 20. august 2017.
  • Søknadsfrist: 1. juli 2017.

Vegarbeid på Fv7 i Tokagjelet

14. juni 2017 kl. 10:06 - Frank Tangen
Grunna vedlikehaldsarbeid ved Hansagjeltunnelen i Tokagjelet vert vegen stengt i periodar frå 19. juni kl. 07:00 til 29. juni kl. 15:00.
  • Vegen kan bli stengt inntil 2 timar i periodane:
    • Måndag til onsdag frå 07:00 til 19:00.
    • Torsdag frå 07:00 til 15:00.
    Utrykningskøyrety kan passera.
  • Opent for kolonnekøyring: 07:00-07:45, 09:30-09:35, 11:10-11:15, 13:05-13:20, 15:00-16:05, 16:40-16:45 og 17:50-17:55. Kolonna går først frå den sida buss kjem frå.

Ferieoversikt for helsetenestene i Kvam 2017

13. juni 2017 kl. 13:43 - Arne Aksnes
F = ferie * sjå tekstdel

Leiar for barnekor i Øystese

13. juni 2017 kl. 06:28 - Olav Skeie Lid, kyrkjeverje
Logo Kvam kyrkjer 20% stilling ledig frå 1. august. Minikor: 1.-3. klasse, Aspirantkor: 4.-7. klasse. Kora er tilslutta Ung Kyrkjesong.

Kommunepsykolog

7. juni 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Ynskjer du å vera med i satsinga på psykisk helse i kommunen? Kvam herad ligg i vakre Hardanger og har 8500 innbyggjarar. Me satsar på god psykisk helse gjennom førebygging, tidlig intervensjon og tverrfagleg samarbeid. Me søkjer no etter ein psykolog til avdeling Rus og psykisk helse. Målgruppa er vaksne over 18 år.

Ledige stillingar i Kvam brann- og redningsteneste

7. juni 2017 kl. 14:40 - Anne Vestrheim
LogoKvam brann- og redningsteneste er organisert med deltidspersonell tilknytt brannstasjonane på Oma, i Norheimsund, Øystese og i Ålvik. Oma har ikkje vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. I samband med høgtider og feriar vert styrken organisert med vakt. Beredskapsområdet er ytre del av heradet, frå Ljones til grensa mot Kvinnherad og mot Fusa. Styrken er pr. i dag på 11 personar. Norheimsund og Øystese har kontinuerleg dreiande vaktordning. Beredskapsstyrken er organisert med 5 vaktlag, kvart på 5 personar. Styrken er pr. i dag på 24 personar. Beredskapsområdet er midtre del av heradet – avgrensa mot vest til grensa mot Samnanger. For Ålvik har Kvam sløkkjeavtale med Elkem Bjølvefossen A/S, utan vaktordning, men heile styrken vert kalla ut ved varsling. Beredsskapsområdet er indre del av heradet, frå Fykse til grensa mot Granvin. Styrken er pr. i dag på 16 personar.

ID-kontroll i Norheimsund frå 1. juni 2017

31. mai 2017 kl. 14:30 - Anita Hesthamar
F.o.m. 1. juni 2017 kan utanlandske arbeidstakarar og personar som søkjer opphald i Norge, gjera dette på Skatteetaten sitt kontor i Norheimsund

Treningstid i idrettshallane 17/18- søknadsfrist 04.08.2017

31. mai 2017 kl. 14:20 - Magreth Børve Olsen
Søknadsskjema om treningstid på kveldstid i hallane i Strandebarm, Norheimsund og Øystese finn ein i vårt digitale søknadssenter. Søknadsfrist er 04.08.2017

Radonmålingar i Kvam - Telefonsal

31. mai 2017 kl. 13:15 - Kommunegeologen
Me har fått informasjon om at det for tida er «telefonsal» av radonmålingar. Kvam herad har ingenting med dette å gjera. Rådet frå statens strålevern er å måla radon i målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Kvam herad har dei siste målesesongane hatt eit tilbod til innbyggjarane i Kvam om rimelege sporfilm til radonmålingar.

Opningstider i sommar: Kvam rådhus og Kvam bibliotek

31. mai 2017 kl. 10:20 - Sigrid Laupsa
I tabellen under ser du opningstidene til biblioteka og rådhuset denne sommaren (biblioteket i Ålvik har siste opningsdag før sommarferien 2. juni). Rådhuset går over til sommaropningstid (kl.10-14) frå og med måndag 19. juni. Sentralbord og kundemottak har redusert opningstid, men du kan kontakta sakshandsamar via direktenummer som vanleg.

Eigenandel for kommunal fysioterapi

29. mai 2017 kl. 08:30 - Åslaug Bøhn Botnen
Frå 1. juni 2017 vert det innført eigenbetaling for kommunal fysioterapibehandling i Kvam herad.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

NVE har gitt Kvam herad betre oversikt over skredfaren i kommunen

10. mai 2017 kl. 13:00 - Kommunegeologen
NVE var tysdag 9. mai i Kvam for å informere om og overlevere rapport med skredfaresonekart for deler av Kvam herad. Rapport og faresonekart ligg ute på NVE sine heimeside, kartløysingar og WMS-lag.

Helsesøster - 100 % vikariat

2. mai 2017 kl. 10:00 - Anne Vestrheim
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine. Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Tildeling av adresser på Kvamskogen

1. februar 2017 kl. 14:00 - Benjamin Danielsen
Kvam herad har vedteke vegadresser til dei fleste eigedomane på Kvamskogen. Klager er gjennomgått og endringar er utført.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Offentleg ettersyn - Framlegg til reguleringsplan for Kvednaskogen

19. desember 2016 kl. 14:10 - Leiv Ingmar Kaale

NPB-utvalet har i møte den 22.11.2016 vedteke at framlegg til reguleringsplan Kvednaskogen i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 080/16

Innspel om friluftsområde i Kvam

28. november 2016 kl. 14:40 - Reidun Braut Kjosås
Kvam herad og Bergen og omland friluftsråd treng hjelp frå deg til å få oversikt over område som vert nytta til friluftsliv i Kvam? Kvam har mange flotte friluftsområde både langs fjorden og høgare opp i fjellet. Mykje har me oversikt over, men det er fleire område som kan registrerast. - Frist for innsending av innspel er 29. januar 2017

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117


AKTUELT
Kommunale prisar og gebyr  - vert opna i nytt vindauge Kommunale prisar og gebyr

TEIKN AVTALE HER Teikn avtale her


SNARVEGAR
Bibliotek  - vert opna i nytt vindauge Bibliotek
eFaktura/AvtaleGiro  - vert opna i nytt vindauge eFaktura/AvtaleGiro
Eigedomar til sals  - vert opna i nytt vindauge Eigedomar til sals
Epostlesar  - vert opna i nytt vindauge Epostlesar
Infoland  - vert opna i nytt vindauge Infoland
Innbyggjarforslag  - vert opna i nytt vindauge Innbyggjarforslag
Kart - avansert  - vert opna i nytt vindauge Kart - avansert
Kart - enkelt  - vert opna i nytt vindauge Kart - enkelt
Kinoguiden  - vert opna i nytt vindauge Kinoguiden
Kvam bompengeselskap  - vert opna i nytt vindauge Kvam bompengeselskap
Lagsportalen  - vert opna i nytt vindauge Lagsportalen
MinGat - pålogging  - vert opna i nytt vindauge MinGat - pålogging
Oppvekst i Kvam  - vert opna i nytt vindauge Oppvekst i Kvam
Plan og byggesak  - vert opna i nytt vindauge Plan og byggesak
Ung fritid  - vert opna i nytt vindauge Ung fritid

FACEBOOK  Facebook

LAGSPORTALEN
Alle lag og organisasjonar i Kvam har høve til å publisere artiklar på Lagsportalen. Her får du dei sist publiserte sortert etter dato.
Pers sommertreff..
Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no